Forsikring

NLT-Forsikring

Norske Landbrukstenester tilbyr forsikringar ut til medlemslaga, bønder og avløysarar. På grunn av at vi forhandlar for alle medlemslaga under eitt får vi gode prisar som våre medlemer dreg nytte av.

Forsikringspakken til NLT er eit resultat av eit samarbeid og avtalar mellom fyljande parter:

NLT: Som administrator og formidlar til medlemslaga.

Gabler: som forsikringsmeklar (innkjøpar og uavhengig forsikringsrådgjevar) med NLT som oppdragsgjevar.

Landbruksforsikring AS : som forsikringsgjevar på ansvarsforsikring, formueskadeforsikring, kriminalitetsforsikring, yrkesskade- og fritidsulykkesforsikring og bilforsikring.

Vertikal: som forsikringsgjevar på helseforsikring.

Gouda: som forsikringsgjevar på reiseforsikring

KLP: som forsikringsgjevar på pensjon (OTP).